Sjeldan har eg opplevd større glede over eit dikt enn den gongen Liv Lundberg introduserte meg for Inger Christensens "Alfabet". Vel hadde eg lese det før, men dette verket synest bunnlaust om ein gjev seg i kast med det.
Så når eg høyrer at Inger Christensen er borte, melder først og framst lysta seg til å endå ein gong å drukna seg i ein tekst stor nok til å bada i, dykka djupt og undrast over alt det fargerike, levande som finst der nede. Og om aldri så komplekst, kor enkelt og trøystande opnar det vel ikkje: "Aprikostrærne findes". Alt vondt i verda synest oppvegd ved konstateringa av dette enkle faktum.
"Alfabet" lever ikkje opp til namnet, det ender (med katastrofe) lenge før alfabetet gjer, ute av stand til å følgja opp sin eigen indre logikk, slik menneskelivet alltid ender lenge før det skulle, lenge før det fulle potensialet den enkle byrjinga ber løfte om, er realisert.
6. januar 2009
Andre kanalar
Her om dagen fekk eg ein SMS frå Mads Gilbert. Ikkje direkte, men via kjentfolk som hadde videresend. Innhaldet i SMSen tør vera velkjent, ettersom fleire riksmedier fekk same meldinga, men det gjorde utvilsamt langt større inntrykk å få situasjonsrapporten frå Gaza oversend så å seia personleg, rett i lomma.
Etter så mange år i Nord-Noreg er det ikkje til å undrast over at eg kjenner nokon som kjenner nokon som kjenner Mads Gilbert godt nok til å stå på kontaktlista hans, og jamvel om han sjølv finn det uhaldbart at det ikkje er internasjonal presse til stades, undrast eg om eg ikkje er vel så komfortabel med å få rapporten frå ei kjelde eg veit såpass mykje om. Gilbert er pro-palestinsk, politisk venstreradikal, jobbar som lege og legg på ingen måte skjul på at han ikkje veit anna om situasjonen enn det han kan sjå på sjukehuset og høyra utanfor medan han utfører den lite misunningsverdige, men di meir beundringsverdige jobben han er der for å gjera. Reportarar flest talar frå ein mykje meir uklår ståstad, som var dei allvitande små gudar som svevde over landet dei rapporterte frå. Ja, det hadde vore bra å ha dei der, men eg kjenner på meg at ingen mengd med vegg-til-vegg-rapportering av konflikten kunne vekt same kjensle av medansvar som denne korte meldinga.
Her vert eg ikkje invitert til å vera interessert, oppdatert men uengasjert tilskodar. Gjer noko. Gjer meir! skriv Gilbert, og eg trur ikkje eg er åleine om å vegra meg for å ta inn over meg kva slag tilhøve som får ein erfaren feltskjerar til å snakka i såpass store bokstavar.
Så kva kan ein gjera? Det er noko handlingslammande ved Israel-Palestina-konflikten, som er så politisk ladd, ikkje berre internasjonalt, men innanriks òg. Det norske, politiske landskapet er på ein eller annan pervers måte blitt forma etter kartet over det heilage landet, og det tek litt mental energi å sjå at der finst noko anna enn for eller mot, at diskusjonen om kven som har rett til å gjera kva, anten ein kallar det sjølvforsvar eller frigjeringskamp, i grunnen er irrelevant for dei fleste av dei som ligg og blør. Ein rettferdig granatsplint gjer ikkje mindre skade enn andre. Den gutungen som vert redda av blodtransfusjonar kan verta ein sjølvmordsbombar eller ein fredsaktivist. Det same kunne han som dei ikkje greide å berga. Men mest sannsynleg prøvde dei berre å leva livet sitt. Finna seg ei jenta å gifta seg med. Ein jobb å trivast med. Noko artig å finna på til helga.
Ein kan alltids stilla seg opp og kasta stein på den israelske ambassaden, ein kan alltids laga songar eller halda appellar. Men det skaffar ikkje anestesi til sjukehusa på Gaza, og fjernar neppe trongen til det, korkje på kort eller lang sikt.
Sjølv pungar eg ut nokre ekstra kroner til raudekrossen/raude halvmåne. Dei kan desse tinga, og bryr seg heller lite om kven som har Gud og rettferda på si side. Eg gjer det korkje av sympati for Israel eller Palestina, sjølv om eg har rikeleg av båe delar. Meir, kan hende, for mitt eige samvits skuld, eit motiv som forstyrrande ofte vert mistenkeleggjort. Som om samvitet ikkje var til å stola på. Som om dårleg samvit var ei dygd større enn alt du kan gjera for å letta det.

1. januar 2009
Alt skal vekk
dagen har vore open
i fleire timar
allereie
står det kundar ved disken
med tilbodsvarer i hendene
eller ting dei vil bytta
når eg spør
etter kvittering
syner dei fram arra
på underarmen
og dei dårlege tenna
lengst bak i overkjeften
det er sal
og kjøp av seksuelle tenester
er forbode frå i dag av
seier ho som veit
kva som skjer i verda
kvar time på timen
og tre minutt over
kjem vermeldinga
ikkje uventa
men overraskande
som døden
uvelkommen
og frigjerande
skal eg pakka det inn
for deg?
i fleire timar
allereie
står det kundar ved disken
med tilbodsvarer i hendene
eller ting dei vil bytta
når eg spør
etter kvittering
syner dei fram arra
på underarmen
og dei dårlege tenna
lengst bak i overkjeften
det er sal
og kjøp av seksuelle tenester
er forbode frå i dag av
seier ho som veit
kva som skjer i verda
kvar time på timen
og tre minutt over
kjem vermeldinga
ikkje uventa
men overraskande
som døden
uvelkommen
og frigjerande
skal eg pakka det inn
for deg?
25. desember 2008
Noughty, noughty
I ein elles frykteleg artikkel om ny feminisme i Times Online kom eg endeleg over ei god nemning for tiåret me er på full fart ut av: The noughties. Berre eit år att til å finna eit godt, norsk ord.
20. desember 2008
Noko godt i glaset
Fredagskvelden vart nytta til årsmøte i VOMWA (Vadsø og Omegn Maltwhiskey-Association), der snåle smakar frå Skye til Islay vart skildra i kreative ordelag til akkompagnement av Robert Burns-songar og stew med sau i. Kveldens høgdepunkt: Ein 25 år gamal dram frå no nedlagde Port Ellen (Islay), med så mykje røyk i aromaen at det er eit under at ikkje brannvesenet rykte ut då korken kom av og så lang ettersmak at ikkje eingong tvilsom grappa kunne ta knekken på han. Fyldig referat med tilhøyrande uskarpe bilete er å finna på fjesboka.
Noko fint
Det er nok alderen. Eg har vorte så lettrørt. Så då eg sto og såg avslutningsshowet på Skapande uke (og skuleåret) på Vadsø ungdomsskole på fredag, kjende eg ein aldri så liten klump i halsen.
Heile veka har eg og andre folk frå fiskebollefabrikken meir eller mindre teke over ungdomsskulen, og elevane har skapt og skapt, i ulike uttrykksgreiner, frå biletkunst til sceneproduksjon, frå videoreportasje til idrott. To økter på to timar kvar dag. Frukost før første økt, lunsj med sceneinnslag imellom. På avslutningsdagen sende me dei ut i byen med produkta sine, før dei kom tilbake til skulen og hadde show. Alt, frå sparkekonkurransen til logoen, er produsert og skaffa til veie av elevane sjølve. Og alle har vore med. Det er der det stikk, tenkte eg på veg attende til kontoret etterpå. Juleavslutningsshow finst overalt, "flinke ungdommar" er det ingen mangel på. Men det vert fort nokon som viser kva dei kan, medan andre ser på. Eller let vera. Å oppleva noko som er produsert av alle er noko anna. Ikkje like polert, men til gjengjeld så tettpakka med nervøs, stolt, ungdommeleg energi at gnistane fyk. Dei gjer ikkje berre det dei kan, men det dei vil, og i ein viss forstand det dei må. Ikkje av di lærarane eller me seier at dei må og skal, men av di me har vorte einige om at dette og dette skal me gjera i løpet av dagen eller veka. Dei tek ansvar. Sit fordundre meg og jobbar før me er på plass om morgonen.
Sjølv har eg jobba med mediegruppa. Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta. Ikkje dette, i alle fall. Denne enorme energien og viljen til å få ting til, viljen til å ta ansvar og sørga for at ting vert gjort. Det har vore som å surfa store bølgjer. Me endte opp med å drukna fullstendig i reportasjar, bilete og anna stoff kvar einaste dag, endå om me hadde fem kanalar å publisera i. Det kjem til å gå langt ut på nyåret før alt er ute på nettstaden. Eg synest Kristian summar det opp ganske greit i denne videosnutten, som er snekra saman på ein dag, etter om lag ein halv time med instruksjon i kamerabruk og redigering:
Ellers ser eg til mi glede i den andre videoen som er lagt ut at innendørs parkour er like populært i dag som den gong skribenten sjølv gjekk på ungdomsskulen. Når ein er femten, er ein pult like mykje noko å hoppa over som å sitta ved. No får eg lyst til å øva på håndståande og backflips.

Etikettar:
forleggeri,
skribenten gjer ting han ikkje kan,
skriving,
ymse
3. desember 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)