21. mai 2008

Tøysevår II

Det er over, og skribenten kan innrømma at han har brukt uforholdsmessig store delar av våren til å førebu eit tre minutt langt innslag i årets lokalrevy. Det er ikkje ofte ein får høve til så direkte å opptre som ein parodi på seg sjølv, og han må innrømma at det har vore lærerikt.
Ein ting er å følgja på nært hald prosessen ein rutinert revyaktør går gjennom for å parodiera ein sjølv, noko anna er å kjenna på den uforfalska entusiasmen i eit slikt ensemble. Det minnar berre vagt om "Snø og Ild"-oppsettinga, jamvel om mange av aktørane er dei same. Revy er noko som må til kvart år, det er uglamorøst og slitsamt som dekkskifte eller vårreingjøring. Her går ingen med illusjonar om at dette vert det største som nokon gong har vore sett på ei scene i Finnmark.
Og likevel så intenst. Så mykje nerve og driv der nede i det tronge holet som er garderoba på kulturhuset Vårbrudd, så mykje trøkk der ute på scena, som er så flisete at sauekostymet til ho Rigmor hang seg opp og ho nesten vart kvalt av tjoren.
Fullt hus er oppunder to hundre menneske, og det kjennest ganske godt kva humør dei er i. Slitne og litt mutte på ettermiddagen, småfulle og lettflirte på kveldsforestillinga. Og denne vakre, viktige påminninga frå Fritjof kvar gong dørene opnar: Dei som sit der ute, har aldri sett dette før. Uansett kor mykje du har øvd og strevd, du har berre denne eine sjansen. Og like viktig, men heilt unødvendig å seia: Det hjelper ikkje om du er god. Du er ikkje åleine.

Ingen kommentarer: