25. desember 2008

Noughty, noughty

I ein elles frykteleg artikkel om ny feminisme i Times Online kom eg endeleg over ei god nemning for tiåret me er på full fart ut av: The noughties. Berre eit år att til å finna eit godt, norsk ord.

20. desember 2008

Noko godt i glaset

Fredagskvelden vart nytta til årsmøte i VOMWA (Vadsø og Omegn Maltwhiskey-Association), der snåle smakar frå Skye til Islay vart skildra i kreative ordelag til akkompagnement av Robert Burns-songar og stew med sau i. Kveldens høgdepunkt: Ein 25 år gamal dram frå no nedlagde Port Ellen (Islay), med så mykje røyk i aromaen at det er eit under at ikkje brannvesenet rykte ut då korken kom av og så lang ettersmak at ikkje eingong tvilsom grappa kunne ta knekken på han. Fyldig referat med tilhøyrande uskarpe bilete er å finna på fjesboka.

Noko fint

Det er nok alderen. Eg har vorte så lettrørt. Så då eg sto og såg avslutningsshowet på Skapande uke (og skuleåret) på Vadsø ungdomsskole på fredag, kjende eg ein aldri så liten klump i halsen.
Heile veka har eg og andre folk frå fiskebollefabrikken meir eller mindre teke over ungdomsskulen, og elevane har skapt og skapt, i ulike uttrykksgreiner, frå biletkunst til sceneproduksjon, frå videoreportasje til idrott. To økter på to timar kvar dag. Frukost før første økt, lunsj med sceneinnslag imellom. På avslutningsdagen sende me dei ut i byen med produkta sine, før dei kom tilbake til skulen og hadde show. Alt, frå sparkekonkurransen til logoen, er produsert og skaffa til veie av elevane sjølve. Og alle har vore med. Det er der det stikk, tenkte eg på veg attende til kontoret etterpå. Juleavslutningsshow finst overalt, "flinke ungdommar" er det ingen mangel på. Men det vert fort nokon som viser kva dei kan, medan andre ser på. Eller let vera. Å oppleva noko som er produsert av alle er noko anna. Ikkje like polert, men til gjengjeld så tettpakka med nervøs, stolt, ungdommeleg energi at gnistane fyk. Dei gjer ikkje berre det dei kan, men det dei vil, og i ein viss forstand det dei . Ikkje av di lærarane eller me seier at dei må og skal, men av di me har vorte einige om at dette og dette skal me gjera i løpet av dagen eller veka. Dei tek ansvar. Sit fordundre meg og jobbar før me er på plass om morgonen.
Sjølv har eg jobba med mediegruppa. Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta. Ikkje dette, i alle fall. Denne enorme energien og viljen til å få ting til, viljen til å ta ansvar og sørga for at ting vert gjort. Det har vore som å surfa store bølgjer. Me endte opp med å drukna fullstendig i reportasjar, bilete og anna stoff kvar einaste dag, endå om me hadde fem kanalar å publisera i. Det kjem til å gå langt ut på nyåret før alt er ute på nettstaden. Eg synest Kristian summar det opp ganske greit i denne videosnutten, som er snekra saman på ein dag, etter om lag ein halv time med instruksjon i kamerabruk og redigering:

Ellers ser eg til mi glede i den andre videoen som er lagt ut at innendørs parkour er like populært i dag som den gong skribenten sjølv gjekk på ungdomsskulen. Når ein er femten, er ein pult like mykje noko å hoppa over som å sitta ved. No får eg lyst til å øva på håndståande og backflips.

3. desember 2008

Når alt synest å gå til h...

...finst der ein slags pervers trøst i slikt som dette:

(via Failblog)

Nansenfyll

"Pengene er brukt på akkurat det som var hensikten, nemlig et forprosjekt. I dette ligger det både research og en del møtevirksomhet," sier Bjørn Frodahl i Nansenkomiteen i Bærum til Dagens Næringsliv etter å vorte presentert for barrekninga frå eitt av møta i komiteen som skulle skaffa eit minnesmerke over Fritjof Nansen til Lysaker: 42 pils, 12 snaps, 11 flasker vin, to flaskar champagne, to liter akevitt og ein halv gammel dansk. Fordelt på seks komitemedlemmer.
No har komiteen funne ut at dei vil leggja ned arbeidet som har pågått i fire år, og sendt ei rekning på 64.000 kroner til kommunen for "research"-arbeidet sitt. Forutan ovannemnde barrekning, dreier det seg om åtte middager, eit grillparty og ein konsert med Arve Tellefsen.
Eg trur jammen det er på tide å setta opp eit Amundsen-monument her i byen...

Nok sagt

Eg har veldig lite greie på økonomi. Det var ikkje eit fag eg hadde på skulen, og det vesle eg kan, er stort sett fruktar av lesing av i beste fall populærfaglege artiklar og den naudsynte vaksenopplæring som følgjer av å verta eigar og drivar av eit firma. Eg kan sjå visse samanhengar, som at når verdien på bustadeigedom fell, går renta på lån til å kjøpa slike opp, ettersom risikoen ved å gje slike lån aukar. Og visse paradoks, som at å auka renta, aukar sjansen for at låntakar må kvitta seg med bustaden eller ikkje greier å innfri lånet (eller båe delar), noko som driv prisen lågare og aukar risikoen endå meir. Det kan synest som om heile det økonomiske feltet er styrt av slike nedadgåande eller oppadgåande spiralrørsler der alt har sin eigen årsak som konsekvens.
Men som sagt, eg veit fint lite om økonomi, og det som for meg kan framstå meiningslaust og destruktivt, er kan hende forståeleg for ein som har sett seg djupt inn i materien, slik kaotiske versystem kan verta tildels forutseielege for ein meteorolog med tilgang på enorme mengder data og stor prosessorkraft. Det forrykande finansielle uveret dei siste månadene er kan hende eigna til å så tvil om nett det, ettersom det for dei fleste i ettertid kan synest litt opplagt at det i lengda ikkje ville vera lønsamt å blåsa opp verdiar og rekna framtidig avkastning av inntektsstraumar som var heilt teoretiske (litt forenkla: Om nokon kjøper og sel vidare eit løpande lån, vert det rekna som likeverdig med at eit nytt låneforhold er etablert, og dermed kan dei same pengane i prinsippet lånast ut i det uendelege).
Som sagt, eg har ikkje peiling på økonomi, og har ikkje tenkt å fella dom over desse tinga. Om berre økonomane, særleg tatt i betraktning korleis dei har skjøtta sitt eige felt, kunne gjera det same. Men nei. Økonomar er notoriske fag-imperialistar, som utøver sine teoriar langt utanfor der dei høyrer heime. Det gjer for så vidt andre fagfolk òg, men det får sjeldan så harde og konkrete konsekvensar at ein sosialantropolog meiner noko om bedriftskultur eller ein litteraturvitar noko om krigen i Irak som når ein økonom meiner noko om ein eller annan "marknad" eller"økonomi" (omgrep økonomar likar å nytta om alt som er eit system, anten det faktisk er organisert som ein marknad eller ikkje, til dømes "sjukehusøkonomi", "bokmarknad" og "arbeidsmarknad"), eller aller helst om sjølvaste "økonomien" (som for skribenter innan økonomi gjerne er synonymt med "samfunnet", minus alle menneska i det).
Dette handlar ikkje om at ein ikkje skal uttala seg om ting ein ikkje har greie på. Det må økonomane gjerne få halda fram med, slik eg gjerne uttalar meg om økonomi viss eg får sjansen. Men det må då gå an å la vera å høyra på folk som heilt tydeleg ikkje har snøring (meg sjølv inkludert)? Her eit framlegg til avtale (hallo, alle økonomar som er faste lesarar av denne bloggen): Om de sluttar å drukna oss i handelsmetaforar for alt me føretek oss, så skal eg prøva å overtyda meg sjølv at å kjøpa fleire dyre ting eg ikkje har råd til kjem til å gjera jobben min tryggare og framtida betre. Ønsk meg lukke til.

30. november 2008

Rasande fort

Det er første søndag i advent. På torget er den styggaste julefurua verda nokon sinne har sett lyst opp av nakne, elektriske pærer, lett melis-snø dryssar over mørke gatar, det er ei veke sidan sola sist var oppe, nesten to månader til ho viser seg att. Kvar vart dette året av, tenkjer eg og blar i gamle notat. 2009 kjem slingrande i slik fart at eg vert redd det kjem til å enda gale. Det er glatt under nysnøen. Bilen min er gammal og manglar både ABS-bremser og elektronisk stabilitetskontroll, og kjølevatnet er frose, så det gjeld å komma seg fort fram så naturen, den litt bitande vinterlufta, kan kjøla han ned før motoren skjer seg. Kjem me til å klara svingen? Kjem me til å kræsja? Passera så nære at den venstre spegelen knusar? Så veit eg i alle fall kva år me skal inn i når me kjem så langt, det er det som har knust spegelen på venstre side fordi det kom så fort rundt svingen, som om det hasta, har dei ikkje sagt "is it 2009 yet?" lenge alt i USA, har det ikkje hasta fælt, jo, det har det, og no er det berre den tiande månaden att. Endå godt han er mellom dei lengste.

29. november 2008

Rettskrivingsmareritt vinn songkonkurranse



Tid for litt lokalpatriotisme, og å skryta på seg talentspeidertalent. Vinnarane av nordisk MGP junior er frå nabobygda, og skribenten gav faktisk ut plate med Agnete Johnsen allereie for nesten tre år sidan. Og vart, som dei fleste, blåst overende av den stemma.
(Ovanståande video er for øvrig henta frå ein serie p3 har laga med akustiske cover-versjonar framørt på ukonvensjonelle plassar. Denne gong altså Karlebotn skule, som forutan å ha avla The Blacksheeps kan skryta på seg ei meir eller mindre nær tilknytning til prinsgemal Behn).
Men altså dette namnet. The Blacksheeps. Som alle spør om. Kan dei ikkje engelsk, liksom? (Jo, det kan dei, sikkert mykje takk vera nitid innøving av tekstar frå ulike førebilete). Tilsikta eller ikkje, så er det faktisk ganske fiffig og passande for eit rock'n'roll-ensemble. Heile uttrykket er jo "the black sheep of the family", "familiens sorte får". Og den lett ugrammatiske ekstra s-en er den som oppstår når ein omtalar nokon som ein familie, altså "The Johnsons" for familien Johnson. Så The Blacksheeps skulle, om det tyder noko som helst (noko bandet sjølv fleire gongar har nekta for), tyda familien av dei som ikkje heilt høyrer heime i familien. Midt i rock-mytologien, og like passande for Nesseby, som i same grad som bandet (og songen dei har laga) er eit vegkryss av ulike nasjonalitetar, språk og kulturar. Ikkje heilt norsk, ikkje heilt samisk, ikkje heilt ein del av familien.
Novel. Gratulasjonar er i alle fall på sin plass. Fredag spelar dei her i byen, og eg tenkjer det vert rift om billettene.

27. oktober 2008

Ut med MS

Openoffice er ute i versjon 3.0, på både nynorsk og bokmål, og skribenten nyttar høvet til endeleg å hiva ut gamal Microsoft-programvare. Outlook er erstatta med ein Thunderbird/Lightning-kombo som ser ut til å vera himla lettbrukt, og spiller fint i lag med Remember the milk (for oppgåver) og Google kalender (for avtalar). Spent på om det vert noko skikk på mobiltelefon-synkronisering, men det er ikkje aktuelt før ny mobil er skaffa til veges. Det kan ein jo lett finansiera med det som vert spart på å oppgradera Office.

Ut med det gamle

Eg må innrømma at det forma seg ei lita drope i augekroken ved attsynet med stjerneskipet "Enterpoop" i Opus-stripa denne søndagen. Til helga er det, hevdar B. B., ugjenkalleleg slutt, av grunnar han redegjer for i dette intervjuet. Spurt om ikkje satire er nett det me treng i mørke tider, svarar han slik:
It's not so much dark times now, as profane and loud. Satire you'll have, oh dear me, indeedy yes. "Vomitous" and "awash" are two words that come to mind. It used to be that everyone would be famous for 15 minutes. How antediluvian. Rather, everyone will now want a satirical YouTube film with 15 megabytes.
Satire we'll have. Rather, the real dearth in our world will be sweetness, comfort, thoughtfulness and civility. If I could do "Peanuts," that's what I'd be doing. Alas, I've tried. And oh, you get way, way richer.
Eg kjem til å sakna Opus. Og minnast Bloom County med glede.

17. oktober 2008

Utanfor agendaen

Den gongen eg hadde ein hage, var noko av det første eg gjorde med han, å grava meg ein grønsakshage. Ikkje for nokon annan grunn enn at eg likar å sjå ting voksa og mognast, likar kjensla av å eta noko eg veit noko om.
I eit langt, ope og velskrive brev til presidentkandidatane i The New York Times (registrering trengs visst), tek Michael Pollan til orde for at den sørvende plenen på det kvite huset òg hadde gjort seg godt for ein frukt- og grønsakshage. Pollan, som er professor i journalistikk, med stor interesse for mat, bringer noko så sjeldant som konstruktive framlegg til løysinga på nokre av matproblema verda står overfor (ikkje berre svolt, men òg helseproblem forårsaka av matvanar), og flettar dei elegant saman med problemet med overforbruk av fossil energi. Nøkkelord: Kortreist mat, vekselbruk, færre og betre kaloriar. Han siterer nokre imponerande tal (som at om all landbruksjord produserte på same nivå som økologiske gårder i USA, ville matproduksjonen i verda auka med 50 prosent). Og han er ikkje redd for å gjera seg upopulær:
It will be argued that moving animals off feedlots and back onto farms will raise the price of meat. It probably will — as it should. You will need to make the case that paying the real cost of meat, and therefore eating less of it, is a good thing for our health, for the environment, for our dwindling reserves of fresh water and for the welfare of the animals.

No er landbruket i USA noko annleis enn her, men meir i grad enn i generell innretning, ettersom fleirtalet av politikarar som faktisk tek seg tid til å meina noko om jordbruk her heime (anna enn tal på kor mykje bøndene skal "få"), ønskjer seg større og meir spesialiserte einingar. Dei er på papiret lønsame, mykje på same måte som trålfisket er det:
As Wendell Berry has tartly observed, to take animals off farms and put them on feedlots is to take an elegant solution — animals replenishing the fertility that crops deplete — and neatly divide it into two problems: a fertility problem on the farm and a pollution problem on the feedlot.

På bordet mitt her i skrivestova ligg ein liten folder som kom i postkassa for ein stund sidan, med invitasjon til å kjøpa skrottar av villsau frå bøndene i Nesseby. Dei skrottane er nok allereie solgt, men eg er glad tilbodet er der. Det kostar mindre enn frosne lammekotelettar frå New Zealand, og gjev den ekstra gleda av å skjera kotelettane sjølv frå eit verkeleg, daudt dyr som eg sikkert har sett mange gongar i levande live frå vegen på tur herifrå til Varangerbotn, Tana eller Kirkenes.

Oppdatering: Og som ein litt trist kontrast, bringer Aftenpoften to nye i ei tilsynelatande endelaus rekkje av heilt meiningslause mat og helse-saker på hovudsida si i kveld...

13. oktober 2008

Ute av drift

Postjournalen har lege brakk så lenge at ein nesten skulle tru at skribenten var inne i "ingen kommenterer bloggen min"-krisa. Det er han ikkje. Han har berre ikkje så mykje post å journalføra. Eller jo, han har jo det. Han har til dømes vore ute og reist, og han har gjeve ut bok, han har arrangert idrottsarrangement og feira den internasjonale snakk som ein pirat-dagen, skifta til vinterdekk og løpt tallause kilometer, så det er vel i grunnen ikkje så rart at han ikkje har så mykje tid til å skriva. Novel. Eg mistenker ingen for å følgja denne bloggen for å vita kva for trivielle hendingar som finn stad i tilveret til skribenten. De vil ha meiningar! Poesi! Djupe tankar! Og det kjem. Ved eit seinare høve. Til så lenge: Ein russisk versjon av gubben og katten.

22. august 2008

Omsett


Det er fint, på eit eller anna underleg vis, å sjå seg sjølv omsett til eit språk ein ikkje forstår. Eg ser likevel at omsetjaren har vald transkriberinga "Lasj", som for så vidt passar bra i den her regionen, sjølv om eg kjem frå område med tydelegare r-ar.
Antologien "Grenser" er tilgjengeleg på norsk, òg, frå Barentsforlag eller di næraste nettbokhandel. Løp og kjøp.

19. august 2008

Olympisk

Sumaren 1984, då dei tungt kaldkrigs-politiserte olympiske leikane gjekk føre seg i Los Angeles, utan skjeggete, austeuropeiske sleggekastarar og 800-meterløparar i kvinneklassene, var skribenten på familieferie på Sørlandet, det var mellom dei første gongane, trur eg, at me tok oss råd til overnatting på hotell, med TV på rommet, og om natten låg eg i halvsvevne og følgde med på Carl Lewis sine bravadar i lag med familiens sakkunnige senior.
Fire år seinare forsvann all tillit til eliteidrotten i dragsuget etter kulemuskelmannen Ben Johnson, som vann hundremeteren med ei halv langside og gjekk på den smellen Lewis aldri fekk oppleva. Ikkje lenge etter la eg piggskoa på hylla, eller meir presist i ei eske langt inne i kjelleren, der dei fekk rotna i fred til nokon forhåpentlegvis kasta dei på dør.
I år har eg ikkje sett ei einaste TV-sending frå Beijing, men løpt ein god del sjølv og teke til meg stoffar som står på lista, men neppe kan hevdast å vera vidare prestasjonsfremmande. Dessutan har eg arrangert friidrottsstevne på ruinane av det som ein gong var stadion her i byen. Sakte og forsiktig finn eg attende til ei meining i omgrepet friidrott (det er slikt eit vakkert namn, og slik ein vakker idé), og det å ikkje følgja med på sendingane frå Beijing er definitivt ein del av det arbeidet.
Oppdatering: Eg må innrømma at eg måtte sjekka nett-TV-versjonen av Usain Bolt sine sprintløp. Men nektar plent å skriva noko om dei før blodprøvene er analysert.

13. august 2008

Overstått

Han har gjort sin lille bit for å sørga for at Varangerfestivalen vart til for seksogtjuande gong, og er for så vidt nøgd med det. Men ikkje med lokalblekka, som tross mannsterk innsats og innleigde krefter ikkje greide meir enn tre konsertmeldingar (i tillegg til, må han skunda seg å leggja til, masse reportasje). Og ja, det svir at hans eige prosjekt ikkje vart funne verdig sakkunnig vurdering. Den æra gjekk til Hiromi Uehara, Sissel Kyrkjebø og Maria João. Eg trur i grunnen ikkje nokon av dei sit og niles konsertmeldingane i nett det her bladet. Akkurat som musikkritikarane i andre blad ikkje akkurat hiv seg på flyet for å få med seg kva Lars O. Haugens orkester eller Ebenezer and the liberators driv på med.
Og det er det som svir litt nett no. Det har brygga ein stund, i ulike samanhengar. Konserten fekk rett nok fyldig førehandsomtale, men ingen kritikk. Og korleis i alle dagar skal ein då kunna koma nokon veg, tenkjer han, utan kvalifisert motstand, utan det blikket utanfrå som seier noko meiningsfullt om det som vert gjort, og ikkje berre rapporterer at det vert gjort?
Han prøver til og med å innbilla seg at eit grundig slakt ville vore betre enn dette stille skuldertrekket. Men det ville det kan hende ikkje. Det er vel helst når ein har gjort noko ein sjølv synest er bra at ein gjerne vil ha nokon til å seia kor bra det er. Sjølvsagt.
Men ikkje berre. Han kjem til å tenkja på kor lite tilfredsstillande det kan vera å få ros hjå sine eigne. Det er slik det er å vera i utkanten, av nasjonen eller av populærkulturen. Ein har sitt eige lille publikum som seier at alt er fint, og så kjem ein til å tenkja: Ja vel, men kva så? Er der ingen som kunne tenkja seg å koma og ropa at keisaren ikkje har klede på? Om ikkje anna, så for at han kunne svara at av og til er det fint å vera naken?

4. august 2008

Om viser

Her om dagen kom eg til å omtala Bob Dylan som "USAs svar på Vysotskij", på sitt vis eit kompliment, jamvel om det enno er slik at Dylan er velkjent og Vysotskij relativt obskur. Kan hende er eg påverka av bustaden like ved russegrensa når eg ikkje formulerte det omvendt (altså at Vysotskij på eit vis er ein russisk Bob Dylan). Uansett er det noko med desse to, dei er båe intimt knytte til heimlandet sine tradisjonar, utan å vera bunde av dei, dei er universelle på ein stads-spesifikk eller kultur-spesifikk måte. Eg tenkjer at her i Norden er Bellman slik for svenskane, men ikkje til dømes Taube eller Vreeswijk. Finst der norske visediktarar som er slik? Eg trur nesten ikkje det. Men eg er open for forslag. Uansett nyttar eg høvet til å lenkja til nokre fine augneblikk frå dutuba:


19. juli 2008

Jomen sa eg smør...

Er det ikkje typisk? I forfjor øydela eg teltet mitt (noko billeg lørv eg kjøpte på koopen i Tana ein gong eg var på tur vestover og sørover), og sidan har eg tenkt at snart må eg sanneleg få meg eit nytt, så eg kan nyta friluftslivet i lenger strekk enn ut og heimatt. Og i dag investerte eg i noko nytt, billeg lørv med betre plass og takhøgd. Men kva skjer? Eg pakkar ut det gamle teltet, og reparasjonsfnatikar som eg er, prøver eg ein gong til å få den bøyelege stanga som er knekt til å henga saman. Og det gjer ho. Så no har eg to telt. Eit stort og eit lite, eller eit lite og eit pittelite, alt ettersom korleis du ser det.

15. juli 2008

Joggebølge II

Etter ei veke og fem økter registrerer han, sjølv om det er for tidleg å snakka om vesentlege resultat anna enn eit skrikande behov for fleire skifte av treningstøy, at kroppen reagerer på uvant mykje bruk. Ikkje akkurat med begeistring, heller med overrasking og kan hende vantru, om ein kropp kan uttrykkja slikt overfor sin eigen eigar. Slik nokon ville reagera om du sa noko riktig sjokkerande, men ikkje nødvendigvis så negativt. Midtvegs mellom ein telefon frå Norsk Tipping og ein telefon frå ei gravid eks, sånn omtrent. I morgon er i alle fall kviledag. Statistikken så langt, sirleg plotta inn i sinnrike nett-greier, syner drøye tre timar trent og 20 kilometer sprunge. Beste kilometertid noko over fem minutt. Ganske mykje over, for å vera ærleg. Men ikkje fullt fem og eit halvt. Det er ein lang veg å gå. Springa. Novel. Følg med, følg med.

Jaktinstinktet


Kor mange myggstikk er dette verdt? Svar: Veldig, veldig mange.
Røye frå Navarsvatnet, ti minutt sykkeltur heimefrå.

12. juli 2008

Juksafiske

Det er sørgeleg med fisk i fjorden, men fint å vera på sjøen. Men uansett kor mykje eg likar det, står det ikke til å nekta for at eg ikkje nett aspirerar til sjøulk-status. Det vert mykje kløneri og fomling, saltvåte sommargjestar og altså nokså lite fisk. Då er det fint at bonden stiller opp med sjølvfiska laks og bergar middagen.

9. juli 2008

Joggebølge

Han har byrja trena att. Det gjer vondt. Og godt, på sitt vis. Det er, finn han ut, ikkje som å sykla. Alt det han kunne for tjue år sidan, er ettertrykkjeleg borte, medan effekten av tjue års surfing på god grunntrening og naturleg vekst er like ettertrykkjeleg tilstades. Det er, tenkjer han, litt som å komma på at det ville vore fint å skifta tapet i stova, og så oppdaga at materiala bakom er pillrotne.
Vel, vel. Så har ein vorte gamal og vedlikehaldstrengande, men det er framleis underleg tilfredsstillande å vera heilt utsliten, ikkje av knappe deadlines eller seine kveldar i godt eller dårleg lag, men ordentleg, fysiologisk utsliten av mangel på oksygen og brennbare karbohydratar. Det verste er i grunnen den audmjukande kjensla av å verta sett i alt anna enn tidsmessig utstyr, halsande langsetter vegane i nabolaget eller rundt idrettsbana, ukledeleg slimat i skjegget og med andletet falda i grimaser som ikkje lett let seg løysa opp ved synet av kjentfolk ute for å lufta hunden, ungane eller vitet.
På den meir oppmuntrande sida noterer han stor framgang i tekniske disiplinar som involverer kasting av tunge ting mot dårleg definerte mål (stort sett "så langt som mogleg"). Det er herleg aggresjonsdempande å hiva av garde dødelege missilar av ymis skapnad mot innbilte fiendar der ute på den humpete grasmatta. Eller meir fredfylt, å lasta opp kastereiskapen med tankar og ting ein gjerne vil verta kvitt. I motsett ende er det noko djupt tilfredsstillande med lange økter som ikkje handlar om andre ting enn å setja den eine foten framføre hine. Det er ei problemstilling det er lett å forhalda seg til. Høgre, venstre, høgre, venstre. Pust inn ein to, pust ut ein to, og for kvar tanke som melder seg, er det ein viktigare: Pust. Flytt føtene.
Kor lenge orkar han å halda på med dette tøvet? Følg med, følg med.

5. juni 2008

- Borte bra





Det er akkurat 20 grader varmare enn heime, og dei sel dynamitt og motorsagar på kolonialbutikken. Kva meir kan ein ønskja seg?

21. mai 2008

Tøysevår II

Det er over, og skribenten kan innrømma at han har brukt uforholdsmessig store delar av våren til å førebu eit tre minutt langt innslag i årets lokalrevy. Det er ikkje ofte ein får høve til så direkte å opptre som ein parodi på seg sjølv, og han må innrømma at det har vore lærerikt.
Ein ting er å følgja på nært hald prosessen ein rutinert revyaktør går gjennom for å parodiera ein sjølv, noko anna er å kjenna på den uforfalska entusiasmen i eit slikt ensemble. Det minnar berre vagt om "Snø og Ild"-oppsettinga, jamvel om mange av aktørane er dei same. Revy er noko som må til kvart år, det er uglamorøst og slitsamt som dekkskifte eller vårreingjøring. Her går ingen med illusjonar om at dette vert det største som nokon gong har vore sett på ei scene i Finnmark.
Og likevel så intenst. Så mykje nerve og driv der nede i det tronge holet som er garderoba på kulturhuset Vårbrudd, så mykje trøkk der ute på scena, som er så flisete at sauekostymet til ho Rigmor hang seg opp og ho nesten vart kvalt av tjoren.
Fullt hus er oppunder to hundre menneske, og det kjennest ganske godt kva humør dei er i. Slitne og litt mutte på ettermiddagen, småfulle og lettflirte på kveldsforestillinga. Og denne vakre, viktige påminninga frå Fritjof kvar gong dørene opnar: Dei som sit der ute, har aldri sett dette før. Uansett kor mykje du har øvd og strevd, du har berre denne eine sjansen. Og like viktig, men heilt unødvendig å seia: Det hjelper ikkje om du er god. Du er ikkje åleine.

16. mai 2008

Tøysevår


Mai i Finnmark er skjønn og mild som eit premenstruelt nasehorn. Godt å ha bunad i tjukt vadmelsstoff når kvelden før 17. mai ser slik ut.

21. april 2008

Statistikk

Dagens ting eg ikkje har lyst til å tenkja for mykje over:
A survey conducted in 2005 found that of "115 published studies concerning effects of low doses of bisphenol A in experimental animals, 94 percent of publicly funded studies found evidence of harm while 100 percent of chemical industry studies found no evidence of harm."
Frå How the World Works.

10. april 2008

Sjornalistar er domme, dei

Det har vekt ein smule oppsikt at om lag tredjeparten av norske journalistar ikkje veit kva KS er for noko, og endå færre veit kven som har bede nato om å gjera greia si i Afghanistan. Det einaste som er betryggande med denne undersøkjinga, er at det ikkje er så stor skilnad på kunnskapsnivået mellom journalistane og publikum (at publikum skårar betre, er jo i grunnen betryggande, jamvel om Dagbladet rapporterar om eit snitt på tre av ti på sin kviss, som er litt urovekkjande). Ein kan ikkje ta seg tid til å forklara alt, og ingen er tent med medier fulle av stoff som folk ikkje forstår. Det som er verre, er at dette er ting alle burde vita (ja, eg synest faktisk alle burde vita om USA er med i OSSE eller ikkje). Elles overlet me makta til "ekspertane" i byråkrati og politisk sfære.
Det er forskjell på å vera dum og å vera kunnskapslaus. Det ingen har lært deg, kan du ikkje klandrast for å ikkje vita. Eg hugsar eit sitat som var attgjeve i ei lærebok i journalistikk som var i bruk den gongen eg studerte, tillagt ein amerikansk redaktør som eg ikkje hugsar namnet på: "Eg kan tilgje ein journalist at han er så dum at han ikkje veit korleis eit ord skal skrivast. Men ikkje at han er så lat at han ikkje slår det opp."
Det er ein god leveregel for gramatikk og ortografi, men av og til, til dømes i ein intervjusituasjon, treng ein å vita ting der og då, ikkje berre kvar på wikipedia ein finn svaret. Problemet er vel at stadig færre journalistar nokonsinne finn seg sjølv i ein intervjusituasjon eller ute i felten. Dei sit helst og skriv av eller les opp pressemeldingar og byråstoff, eller stiller det mest fjollete av alle spørsmål: "Kva er din kommentar til dette?" Når dei har gjort det lenge nok, vert dei forfremma til politiske kommentatorar. Eller dei sluttar.

4. april 2008

Sjørøvarbutikken til Dave

Då eg var i Chicago nyleg, råka eg borti Johnny Temple, bassist i Girls Against Boys og leiar for det vesle New York-forlaget Akashic Books. Som venteleg kan vera, vart det snakka om litterære ting, og Temple fortalde om kor begeistra han var for Dave Eggers, både som forfattar, forleggjar, tidsskriftredaktør og ikkje minst formidlar av lesekunne og leseglede i lokalsamfunn som slit med både det første og det siste. Og vel heime finn eg til mi glede at litteraturbloggar BowlingJesus har funne fram til eit foredrag der Eggers fortel om eitt av prosjekta han har sett i gang:



Det er mykje fint folk der ute...

Strålande ide

Eg har ved ulike tidlegare høve uttrykt omsut for den norske innkjøpsordninga for skjønnlitteratur. Likeeins har eg vore skeptisk til ve-rop frå ulike bokbransjeaktørar om kor ille det står til. Likevel er det noko veldig besnærande ved reform-ideen Syphilia Morgenstierne sleng fram i Aftenposten i dag. Enn om biblioteka fekk innkjøpspengane sjølv, til å gjera med nett som dei ville, i staden for ein pall med bøker som stort sett går uopna på tikroners-sal fem år etter? Det er eit interessant forslag, uavhengig om der verkeleg finst noka stor krise i bokbransjen eller ikkje, og uavhengig av om ein synest det er ein god eller dårleg ting at der finst tette band mellom forlag og bokhandlarar. Dessutan kan det jo tena til ein innfallsport til å diskutera kor vidt det gjev meining at alle forfattarar skal honorerast ut frå kor mange eksemplar som vert seld av bøkene deira.

3. april 2008

Snake oil

Det er utruleg lite overraskande at ein mann som sel dårlege støvsugarar til 32.000 kroner stykket òg har ei blømande verksemd som motivator og livstrenar ("life coach"). Teknikkane er tross alt felles for båe disiplinar: Ver hyggeleg, få folk til å tru at dei har det dårleg (skitent), sei at du (og berre du) kan hjelpa, skriv rekning. Statskyrkja har halde på med dette i hundrevis av år, utan at eg kan sjå at forbrukerrådet har ausa seg opp noko vidare. Jamvel scientologane, som har finpussa dei ikkje-materielle støvsugarsalgmetodene, får herja rimeleg fritt.
Støvsugarsalg er no så si sak. Men tenk å sleppa slike gærningar laus på toppidrottsutøvarar, dei mest sårbare og usikre blant oss, og samstundes mellom dei rikaste. Her snakkar vi krokodille i hønsegarden. Toppidrotten held liv i folk som Gerhard Heiberg, som i ramme alvor meiner at han er den einaste i landet som veit korleis det har seg med mennekerettssituasjonen i Kina. Eg ville rekna det som forståeleg hjå ein utøvar, dei har tross alt hovudet fullt av sin eigen kropp (viss eg må høyra endå eit intervju der nokon gjer greie for om "kroppen fungerer" eller ikkje, vert eg utilrekneleg), men Heiberg er jo, for å seia det slik, over sin beste periode som aktiv, og burde i prinsippet hatt tid til å få hjernen i fungerande stand att. Novel. I det minste vil ikkje ein støvsugar til 32.000 eller eit motivasjonskurs til om lag same prisen gjera store inngrep i privatøkonomien hans. Han får sikkert idrottsforbundet til å betala.
Overskrifta viser for øvrig til eit amerikansk omgrep, litt forenkla forklart som dyr medisin som ikkje verkar. Eg veit førebels ikkje om det amerikanske omgrepet "sucker" har noko med støvsugarar å gjera. Dei seier i alle fall at det vert fødd ein slik kvart einaste minutt. Men det vert fødd fleire kinesarar.

31. mars 2008

Over here

Dogg
Skribenten har visst drege med seg nokre king-size basiluskar heim frå statane. Alt er som kjent større der borte, og denne vårforkjølinga er det verkeleg episke dimensjonar over.
Ei oppsummering av opphaldet er likevel på sin plass, i tillegg til skissebileta som er spreidd utover Flickr.
Det sler meg at Chicago er ein mykje venlegare by enn ein skulle tru, dei iskalde vindane frå sjøen og gangster-historia til tross. (Apropos den gangster-historia, så måtte eg sjølvsagt skaffa meg ein ordentleg gangster-hatt der borte, og nett slik ein vart anskaffa hjå Roberto's herrekonfeksjon på State street. Merket på hatten var "Untouchable", sjølvsagt til ære for etterforskingsgruppa som i si tid tok ned Al Capone, leia av norsk-amerikanaren Elliot Ness, ei fjern slektning. Og i eit tilfelle av total synchronicity, snåva eg like etter over dette klippet frå filmen The Untouchables, og la for første gang (ja, eg kan vera litt sløv av og til) merke til den heilt eklatante hommage til Eisenstein).
Ein annan ting som eg beit meg merke i, er at bakgrunnsmusikken i Chicago er så mykje betre enn heime. Ikkje at eg er spesielt glad i bakgrunnsmusikk, anten det no er i butikkar, på restaurant eller i heisen, men når han først er der, er det mykje betre at det er jazz-standardar som smyg seg gjennom øyregangane enn panfløyte-versjonar av gamle Elton John-hits. Eller, som tilfellet altfor ofte er, kommersiell radio, inklusiv reklamespots så irriterande at dei kan få stein til å grina.
Som ein ser, det er når ein kjem heim at ein forstår kor annleis alt har vore. Alt i USA verkar tilforlateleg og rett, det er nett som på TV, liksom. Og heime er alt berre dårlege etterlikningar. Fjella og høghusa er låge og ynkelege, hattane heilt fråverande, limousinane stutte og tronge, T-banen kort, kronglete og dyr, pubane anten folketomme eller stappfull av helgefyll, pølsene, smørbrøda, for ikkje å snakka om pizzaen, er små og puslete munnfullar, jamvel seriestarten i eliteserien er som ein fjert i motvind mot starten på NBA-sesongen, for ikkje å snakka om baseball, som rett nok kom i gang etter at eg var heime att. Men eg ante dunderet i det fjerne.
I amerikanske aviser var det nok mindre stoff om det demokratiske primærvalet enn i norske, men likevel rikeleg, og i tillegg til dei mange symbolske motsetnader som kjem opp, kan ein tenkja på fenomenet at ei senator frå New York står mot ein frå Chicago. I kor stor grad er dei geografisk representative, tru? Kjølig, effektiv New York-attitude mot ordrik, romantisk Chicago-retorikk? Midtvestens romslege hjarta mot det store austkysten sin cerebrale kynisme? Slik kan ein òg konstruera amerikanske historier, og sjølv om eg veit lite eller ingenting om New York, synest eg å merka, djupt under det skyskrapartøffe ytre i Chicago, at byen verkeleg er solid planta i midtvesten, forankra i præriens rurale langmodigheit.
Ein legg sjølvsagt òg merke til eit ikkje ubetydeleg lillebror-kompleks i "Den andre byen" (eit kallenamn som ikkje har noko med storleik å gjera, det kjem av at den første brann ned på 1870-talet). Det er viktig, men ikkje sjølvsagt, for Chicago å skryta på seg ting som er både størst, eldst og først. Som bergensar kjenner eg meg igjen i dette, like mykje som i det konstante nærværet av sjøen, som rett nok er innsjø der over.
Eg trur nok at eg har tenkt meg tilbake. Namnet Chicago vert sagt å tyda både "stinkdyr" og "viltveksande lauk" (visstnok same ordet på det aktuelle indianerspråket), og i eit siste tilfelle av snåle samantreff har eg oppdaga at byen er like gamal som Vadsø, og hadde 350 innbyggjarar i 1833. Slik kan det gå.

18. mars 2008

Over there


Gata vår
Originally uploaded by LarsOh

Skribenten er i junaiten, nærare bestemt i Chicago, for å avhenta premien frå noregsmeisterskapen i poesi-slam. Så langt: Operamatine, second story (storytelling med musikk på rock-klub langt ute i bydelane ein plass), masse jazz og store porsjonar med feit og god mat. Ein kunne bli vand med dette. Har billettar til CSO fredag kveld og store ambisjonar om lange dagar på museum.

8. mars 2008

Overgje deg, eller eg kostar!

Han har tru på at det er viktig å leika. Og læra noko nytt. Så då nokon spurde om han ville vera med på kulturskolen sitt helgekurs i stokkekamp, var det ikkje nei i hans munn. Så her sit han og verkjer i lår og rygg etter seks timar med leikeslåsting (med og utan kosteskaft) inne i Samfunnssalen og er berre halvvegs i kurset. Men no kan han ramla utan å ta seg for, rulla rundt som ein actionhelt og handtera eit kosteskaft på måtar det aldri var tiltenkt. Ein veit jo aldri kva tid ein får bruk for slikt.

3. mars 2008

Opptak

Omsider har Lars O. Haugens orkester somla seg inn i studio i Myrkroken for å spela inn si første plate. Det går ikkje så fort, men det ser ut til at eitt spor er sånn omtrentleg i boks, og ei heilt ny låt på tur inn på repertoaret.
Det er ein fascinerande måte å jobba med tekst på, som lyd og som del av eit musikk-arrangement. Tekst på papir kan vera fint, det òg, og det å frmføra direkte for publikum er alltid herlig. Å lesa rett inn i ei maskin, lytta oppmerksomt på eigen stemme såvel som heile lydbiletet, ta nye opptak, justera på ting i etterkant, det er snålt, nytt og spennande. Alt vert liksom meir plastisk, men samstundes endå meir spikra når det først er spikra. Ein trykt tekst er ikkje så ferdigtolka som ein lest tekst er, medan musikken både kan utvida og innskrenkja tolkningsrommet, ikkje berre ved å vera der, men gjennom korleis han vert arrangert, korleis tekst og musikk heng i hop, korleis kvart instrument vert spelt, korleis heile lydbiletet er samansett. Korleis tre ulike temperament tilpassar seg kvarandre, stundom dreg same veg, stundom i ulike retningar. Forsiktig sirklar me inn noko som vonaleg korkje er berre dikt med musikk til eller omvendt, men eit møte mellom tekstane og musikken. Eg har byrja kalla det songar, eg trur det er det eg eigentleg skriv.
Eg trur det kan verta ei fin plate etter kvart. Litt rar, ikkje så veldig dansbar, kan hende, men i alle fall med ei og anna låt ein kan nynna på.

28. februar 2008

Prisdryss

Ungdomsverksemda Suksess UB, som skribenten er mentor for, lever opp til namnet og sikra seg ikkje mindre enn fem prisar i fylkesmeisterskapen i dag, mellom dei den gjevaste av alle: Beste ungdomsbedrift. Godt jobba, jenter!

27. februar 2008

Puh...

Lang dag. Femårsjubileumsfeiring på biblioteket med presentasjon av nye og gamle bøker og mini-bokbad med Karin Bjørset Persen og "Skyggeboksing". Før det eit langt lunsjmøte med Origo Kultur, midt imellom friidrottstrening, deretter programkomitémøte i Teaterentusiastene. Spilleløyve er i boks, no skal hovudrollar fyllast opp. Så viss det er nokon mannfolk der ute som er glade i å kle av seg, dansa og synga, er det berre å gjera seg klar. Audition etter påske. Følg med, følg med...

25. februar 2008

Positivt

Ikkje akkurat nyhende lenger, men eg registrerer at Morgenbladet og Dagens Næringsliv nok ein gong utmerkar seg som avisene som aukar opplaget mest. Det er oppløftande, men ikkje overraskande, ettersom desse avisene i like stor grad utmerkar seg ved å skriva som om lesaren var eit vakse menneske som kan både lesa og tenkja, medan andre aviser, med VG og Dagbladet i spissen, kappspring i retning eit fiktivt og truleg ungdommeleg og kjøpesterkt publikum som ikkje maktar nokon av delane.
Personleg fekk eg nok då Dagbladet (trur eg det var) utstyrte eit bilete av sentrale norske politikarar med snakkeboblar for å illustrera ei sak om kva dei hadde sagt til eller om kvarandre. Viss eg vil ha snakkeboblar, kjøper eg eit teikneseriehefte. Same avis vekte merksemd noko tidlegare med å la ein rollefigur frå såpeseria "Offshore" kommentera nyhende frå Nordsjøen, og sidan har akeferden inn i det virtuelle og fiktive halde fram. Når Dagbladet skriv om Hotel Cæsar, handlar det om kva figurane i serien foretek seg, målet synest å vera at kultursidene i avisa skal vera ei fullgod erstatning for å tilbringa kvelden framfor fjernsynet. Men då vert òg ein kveld framfor fjernsynet ei fullgod erstatning for å lesa kultursidene i Dagbladet, og dermed går dei over til å konsentrera seg om kva som kjem til å skje i framtidige episodar. Slik politikk-dekninga i aukande grad handlar om kva som kjem til å skje framover, kven som kjem til å gå av og kven som kjem til å verta vald eller oppnemnd, ei heilt misforstått oppfatning av kva politisk analyse går ut på.
Når Dagens Næringsliv skriv om Hotel Cæsar over to sider denne laurdagen, handlar det om dei som står bak, og om serien si rolle som rekrutteringsgrunn for norske filmarbeidarar. Og sjølvsagt om pengar og marknadsmekanismar i TV-bransjen. Ting du ikkje finn ut ved å sjå serien på fjernsynet, med mindre du er veldig oppteken av rulletekstar.
Eg veit ikkje om det er for optimistisk, men ein plass i framtida øynar me kan hende ein slutt på den særnorske situasjonen der ein sausar saman tabloid vås og freistnader på seriøs journalistikk i same avis, slik at ingen får det dei vil ha, men alle får noko å irritera seg over.

23. februar 2008

Porten

Skia er henta ut frå lageret og smurt inn med så mykje festesmurning at eg kunne spasert oppover veggen med dei. Eg likar det slik. Glipptak er kanskje noko av det verste eg veit. Vervarslinga sa vind og snøbyger, i går var det kuling, men morgonen (eller formiddagen, det er tross alt laurdag) opprann med sol og silkeføre.

Tok ein annan veg til skihytta enn til vanleg. Opp gjennom Tomaselvdalen. Det er fint å gå der det ikkje er spor, etter kvart ikkje eingong skuterspor. Stille. Snø ligg over nedbøygde dvergbjørketre og lagar mjuke former og blå skuggar. Harespor og kvite rypekull som flyg opp lenge før me nærmar oss.
Høgt oppe i dalen, ovanfor Langvatnet, renn ein liten bekk nedetter fjellet. Om vinteren frys han sakte til og formar ein gedigen issvull forma som to nokså intrikate søylar. Derav namnet isporten.





Etterpå vart det kaffi og svele på skihytta og nedoverbakke heile vegen heim. Fin dag.

20. februar 2008

Planetarisk

I høve den vakre fullmånen i ettermiddag og formørkinga i natt:

Her ved fjellet Mielgevarre (frå "Venus i fjør", ca. 2002)

Brystfjellet vart
Melkevarden
og vintermånen syg
lys over sovande by,
kvitt.

Plagar seg sjølv og likar det

Han lærer aldri. Seint heim frå jobb, akkurat tid til å kasta i hop ein rask middag, hiva han innpå, kraftslumra på sofaen i ti minutt, hiva seg i bilen til idrottshallen og der finst ikkje den ting i verda han har mindre lyst til enn halvannan time med i grunnen meiningslaus fysisk aktivitet som å springa opp og ned ei åtti meter lang stripe tartan langsmed ei fotballbane full av støyande ramp og dei tusen fotballane deira som flyg vegg og tak i mellom.
Og kvar gong er det likevel like moro undervegs og like godt etterpå. Og kvar gong er han like støl og hjelpeslaus dagen etter, like sliten og full av ulyst neste gong tida nærmar seg for å trena. Han lærer aldri.

Pictures! We got pictures!

Teaterentusiastene.

Fra Pulverteatret: Merete og Linda...

...Kristin og Seraphin...

...Geir...

...og Stian!

(Alle foto: Gry J. Johanin)

19. februar 2008

Publisert

Ut på våren (vil eg håpa) kjem ein antologi med noveller frå barentsregionen der underteikna er ein av bidragsytarane. Elles novellar av mellom andre Ingeborg Arvola, Tore Høgås og konkurransevinnar Ingar Henriksen samt ei mengd russiske forfattarar som eg veit sørgeleg lite om. Oppdateringar følgjer.

18. februar 2008

Protege?

Frå ein uvanleg lang og diverre litt slurvete artikkel frå Varangerfestivalen i fjor av Mark Sabbatini for All About Jazz:
It was no better or worse than a typical concert by youths in their mid teens but, as is often the case, at least one noteworthy talent stood out.
Singer Andreas Martin Jacobsen Korren (sic), 14, hailed as a local protege, showed aggressive vocals and stage manner, cutting cleanly through the instrumental ensemble while maintaining a keen awareness of range. His voice has deepened beyond the childhood stage, which local observers said has allowed him to take a notable step up, and there was none of the shyness or forced bravado seen in his female co-singer and numerous other students.

Er det lov å vera bittelitt stolt?

Plata som aldri døyr

Det er 20 år sidan "Blåmann! Blåmann!" vart spelt inn. Eg kjøpte mitt eksemplar for 11-12 år sidan, og sidan har det rulla og gått i ei lang rekkje CD-spelarar. Vakkert og trist. No skal Vold & Co endeleg ut og framføra musikken live. Det kan bli fint.

17. februar 2008

Pulverisert

Dagen etter pulverteaterpremierefest, og han er litt rusten, litt sliten, litt urven til og med, men glad, ja. Bilete frå premieren kjem så snart han får uteska nokon frå fotograf Gry, elles er å melda at det gjekk brillefint, akkurat passe mange og passeleg entusiastiske tilskodarar (ordføraren var der til og med, om enn ikkje i embets medfør), og entusiastene var sitt eige, fantastiske, entusiastiske sjølv. Neste gong er i april, og då vert det endå mykje betre...

16. februar 2008

Poetisk komet vender tilbake

Eg veit de har venta i spenning, ja, og faktisk: Nye Kuiper er ute (berre ignorer nettsida, det har kome i alle fall to nummer sidan ho vart oppdatert sist). Første 2008-utgåve skiltar med tre tekstar av underteikna, og eit bilete han berre er sånn måteleg nøgd med, frå slammen i Tromsø i oktober. Elles mykje fint å lesa. Løp og kjøp. Eller endå betre: Abbonér. Verda treng eit nordnorsk litteraturtidsskrift.

Pulverhelga er over oss

Puh! Tre dialogar og tre monologar på tre timar på ein fredagskveld. Teaterentusiastene er det snålaste og vakraste ensemblet eg har vore borti nokon gong, trur eg. Om du hadde spurt dei om dei kunne måla byen grøn, hadde dei spurt kva tid det skulle vera ferdig. Om du bad dei symja til Svalbard, ville dei spurt kva dei skulle gjera når dei kom fram. Noko litt nysirkus-aktig, kan hende, med flammesluking, dans og sjonglering? Eller kan hende ein Hamlet? Eg likar den innstillinga. Laurdag kveld er det forestilling på Kolibri. Det vert rart og fint, trur eg. Og rart og fint er ein veldig god kombinasjon. No må eg finna nokre gode tekstar om torsk. Og Kina.

15. februar 2008

Pøh!

Hjarteforma konfekt eller ikkje, kva er det som er så himla romantisk med ein biskop som vart avretta for trua si?
Det surrar litt vel mykje tekst i hovudet mitt for tida: revynummer, pulverteatermonolog, fiskesongar og gamle dikt som skal lesast på ny. Dessutan vil det ikkje slutta å blåsa og snøa, endå det har halde på så lenge no at det er skiføre på austveggen og klake på alle vindauga. Katten stiller seg tvilande ved døra og skuttar seg for vinden når eg opnar. Men han fær ut likevel, driftene er sterkare enn fornuften, og enno har eg ikkje fått gjelda han.
På den positive sida er eplesideren frå i fjor flasketappa og ferdig, enno er det nok bacalao igjen til ein middag til, og snart er det helg (som om ein fekk mindre å gjera av den grunn).

(Første freistnad)
Æ står her åleina ved steinen på stranda,
stormskurt og glatt og hard liksom mæ
Æ stryke den saltvaska flata med handa
å øve på ikke å tenke på dæ.


Ein månad att til Chicago. Yea.

12. februar 2008

Pjusk

Ein gjeng med sinte basiluskar har invadert det sinnrike systemet som kan omdanna det mest forseggjorde og velsmakande måltid han tar til seg til rein skit. Så skribenten held seg heime, i kort og trygg fråstand til toalettet, og puskar med sitt. Ser film og synest synd på seg sjølv og skriv dikt og synest synd på seg sjølv og prøver innimellom å læra seg utaboks monologen han hadde tenkt å framføra på laurdag. Den vanskelege biten er byrjinga og den djupaste desperasjonen. Det hjalp litt å sjå britisk film, så lenge sidan sist. Trur det må ha vore Billy Elliot, denne fine kjensla av å smila og grina på ein gong. Riff-raff. Raining Stones. Life is sweet. Secrets & lies. Brassed off. Kvar ville britisk film vore utan Maggie Thatcher?

Pussig

Hm. Av ein eller annan grunn byrjar alle overskriftene så langt i post-journal på P.

Postkort frå Murmansk

Kjem det før meg, så har hjarta mitt mista seg her
mellom dei gamle trehusa øvst i bakken og dei
glisande rimkledde kranene på hamna
eller eg har tenkt for lenge på dette:
Kva skriv ein postkort for, i
Storbritannia, den gang postkort
og sommarferie
var noko nytt og framand sende
arbeidskameratane kort til dei
som var i Blackpool
og vandra i svart/kvite stimar
med sixpence og side skjørt inn og ut
nedover piren ut over sanda, det
lange tidevatnet drukna folk
kvar sommar, dei
vart ståande på sandbankar, avskorne
frå stranda medan det kalde vatnet i
irskesjøen
fylde skjørta og knestrømpene med vekt
numne i knea sto dei og ropte
og av og til
kom ein båt fram i tide, ofte
-- og særleg i mørkret -- ikkje.
"Wish you were here" skreiv kameraten
heime i Manchester,
Birmingham Brighton Liverpool Newcastle
on Tyne attmed spinnehjulet,
dreiemaskina, skulle ønskja
du var her,
tenkjer eg på medan kranene på hamna i Murmansk
løfter betongelement, stålkonstruksjonar,
containarar over på tog, på bilar, stablar dei opp
i sinnrike rekkjer og høgder der gaffeltruckane
når fram og finn dei jakkene, det fatet, den
fargerike vesle ballen blant mange andre
som vesle Valodja fekk til fødselsdagen
og ein laushund stakk av med i kjeften
berre dagar seinare, Valodja var alltid
skeptisk til hundar etter det, han
vart kan hende mange år sidan til dømes
truckførar og gift
med ei songlærerinne med slekt i Sochi
som sender postkort
frå Svartehavet og ønskjer at
dei var der, i det varme, solfylte landet
med små tidevannsskilje og mørke netter
medan Murmanskfjorden
hevar og senkjer seg
som djupe, hikstande, sterke
andedrag, som før eit skrik eller
etter at ein har grete,
menneskja pustar grunt, gjennom nasen
for å skåna halsen for den sviande, kalde
lufta i februar, skulle ønskja
at dei var der.
Men om kortet
kjem etter meg fram,
slik det ofte hender, er alt dette
likevel sant.

11. februar 2008

Popsongar

Nokon har spurt om han kan skriva ein poplåt. Det kan han ikkje, men han veit omtrent korleis det byrjar: Ved ein stein i fjæra. Vidare synest det klårt at låta kjem til å handla om kjærleik. Og hat. Dette vert interessant.

Pulver! Teater!

Det er nesten ikkje til å tru, men på laurdag (altså den sekstande den her månaden) vert det kaféteater på Kolibri i Vadsø. Program? Anar ikkje enno. Men bra blir det. Aktørar? Teaterentusiastene, sjølvsagt. Pulverteateret startar i åtte-tida og varar til det er ferdig. Innstuderinga startar... på fredag.

Post-it

tallause oppfordringar (to er tallaust nok for meg) og av lutter skrivetrong kjem skribenten krypande attende til tastaturet. Eit anna tastatur, ein annan plass, bla, bla, bla, vidløftige metakommentarar i bøttar og spann, titt-tei, her er jei og så bortetter: Post-journal (å gud, så fiffig, da) er omsider ein realitet.