27. oktober 2008

Ut med MS

Openoffice er ute i versjon 3.0, på både nynorsk og bokmål, og skribenten nyttar høvet til endeleg å hiva ut gamal Microsoft-programvare. Outlook er erstatta med ein Thunderbird/Lightning-kombo som ser ut til å vera himla lettbrukt, og spiller fint i lag med Remember the milk (for oppgåver) og Google kalender (for avtalar). Spent på om det vert noko skikk på mobiltelefon-synkronisering, men det er ikkje aktuelt før ny mobil er skaffa til veges. Det kan ein jo lett finansiera med det som vert spart på å oppgradera Office.

2 kommentarer:

Anonym sa...

når du enda bytter ut Windows med fantastiske Linux så blir det masse penger å spare, og så slipper man å være redd for virus...

Runar

Lars sa...

Det vert om lag som å bytta til el-bil, det. I prinsippet fint, men ikkje så praktisk gjennomførbart (i Finnmark, i alle fall). Det eg har gjort, er meir å likna med å gå for ein gjerrig dieselbil eller hybrid framfor ein SUV.