22. august 2008

Omsett


Det er fint, på eit eller anna underleg vis, å sjå seg sjølv omsett til eit språk ein ikkje forstår. Eg ser likevel at omsetjaren har vald transkriberinga "Lasj", som for så vidt passar bra i den her regionen, sjølv om eg kjem frå område med tydelegare r-ar.
Antologien "Grenser" er tilgjengeleg på norsk, òg, frå Barentsforlag eller di næraste nettbokhandel. Løp og kjøp.

19. august 2008

Olympisk

Sumaren 1984, då dei tungt kaldkrigs-politiserte olympiske leikane gjekk føre seg i Los Angeles, utan skjeggete, austeuropeiske sleggekastarar og 800-meterløparar i kvinneklassene, var skribenten på familieferie på Sørlandet, det var mellom dei første gongane, trur eg, at me tok oss råd til overnatting på hotell, med TV på rommet, og om natten låg eg i halvsvevne og følgde med på Carl Lewis sine bravadar i lag med familiens sakkunnige senior.
Fire år seinare forsvann all tillit til eliteidrotten i dragsuget etter kulemuskelmannen Ben Johnson, som vann hundremeteren med ei halv langside og gjekk på den smellen Lewis aldri fekk oppleva. Ikkje lenge etter la eg piggskoa på hylla, eller meir presist i ei eske langt inne i kjelleren, der dei fekk rotna i fred til nokon forhåpentlegvis kasta dei på dør.
I år har eg ikkje sett ei einaste TV-sending frå Beijing, men løpt ein god del sjølv og teke til meg stoffar som står på lista, men neppe kan hevdast å vera vidare prestasjonsfremmande. Dessutan har eg arrangert friidrottsstevne på ruinane av det som ein gong var stadion her i byen. Sakte og forsiktig finn eg attende til ei meining i omgrepet friidrott (det er slikt eit vakkert namn, og slik ein vakker idé), og det å ikkje følgja med på sendingane frå Beijing er definitivt ein del av det arbeidet.
Oppdatering: Eg må innrømma at eg måtte sjekka nett-TV-versjonen av Usain Bolt sine sprintløp. Men nektar plent å skriva noko om dei før blodprøvene er analysert.

13. august 2008

Overstått

Han har gjort sin lille bit for å sørga for at Varangerfestivalen vart til for seksogtjuande gong, og er for så vidt nøgd med det. Men ikkje med lokalblekka, som tross mannsterk innsats og innleigde krefter ikkje greide meir enn tre konsertmeldingar (i tillegg til, må han skunda seg å leggja til, masse reportasje). Og ja, det svir at hans eige prosjekt ikkje vart funne verdig sakkunnig vurdering. Den æra gjekk til Hiromi Uehara, Sissel Kyrkjebø og Maria João. Eg trur i grunnen ikkje nokon av dei sit og niles konsertmeldingane i nett det her bladet. Akkurat som musikkritikarane i andre blad ikkje akkurat hiv seg på flyet for å få med seg kva Lars O. Haugens orkester eller Ebenezer and the liberators driv på med.
Og det er det som svir litt nett no. Det har brygga ein stund, i ulike samanhengar. Konserten fekk rett nok fyldig førehandsomtale, men ingen kritikk. Og korleis i alle dagar skal ein då kunna koma nokon veg, tenkjer han, utan kvalifisert motstand, utan det blikket utanfrå som seier noko meiningsfullt om det som vert gjort, og ikkje berre rapporterer at det vert gjort?
Han prøver til og med å innbilla seg at eit grundig slakt ville vore betre enn dette stille skuldertrekket. Men det ville det kan hende ikkje. Det er vel helst når ein har gjort noko ein sjølv synest er bra at ein gjerne vil ha nokon til å seia kor bra det er. Sjølvsagt.
Men ikkje berre. Han kjem til å tenkja på kor lite tilfredsstillande det kan vera å få ros hjå sine eigne. Det er slik det er å vera i utkanten, av nasjonen eller av populærkulturen. Ein har sitt eige lille publikum som seier at alt er fint, og så kjem ein til å tenkja: Ja vel, men kva så? Er der ingen som kunne tenkja seg å koma og ropa at keisaren ikkje har klede på? Om ikkje anna, så for at han kunne svara at av og til er det fint å vera naken?

4. august 2008

Om viser

Her om dagen kom eg til å omtala Bob Dylan som "USAs svar på Vysotskij", på sitt vis eit kompliment, jamvel om det enno er slik at Dylan er velkjent og Vysotskij relativt obskur. Kan hende er eg påverka av bustaden like ved russegrensa når eg ikkje formulerte det omvendt (altså at Vysotskij på eit vis er ein russisk Bob Dylan). Uansett er det noko med desse to, dei er båe intimt knytte til heimlandet sine tradisjonar, utan å vera bunde av dei, dei er universelle på ein stads-spesifikk eller kultur-spesifikk måte. Eg tenkjer at her i Norden er Bellman slik for svenskane, men ikkje til dømes Taube eller Vreeswijk. Finst der norske visediktarar som er slik? Eg trur nesten ikkje det. Men eg er open for forslag. Uansett nyttar eg høvet til å lenkja til nokre fine augneblikk frå dutuba: