28. februar 2009

Latterleg pompøs avskilsmelding

Alle ting har ein ende (unnateke pølsa, som har to). Post-journal har no nådd sin logiske konklusjon, og vert nedlagd. Vidare blogging vil kan hende finna stad. Ein annan stad, i så fall.

16. februar 2009

Loituma, eller finsk Youtube-teater

Som god Ytrebykven er eg glad i finsk folkemusikk, og fann stor fagnad i ein farsott som har herja dutuba i ujamne bølgjer dei siste åra. Det byrja, så vidt eg har kunna bringa på det reine, her, med vokalgruppa Loituma si a capella versjon av den ubegripeleg catchy "Ievan polkka" ("Evas polka"):

Så, slik det ofte skjer på nettet, oppsto ein underleg, så langt ikkje fullgodt forklart, kopling til japansk anime:

Den snurrande purrelauken hadde ein hypnotisk effekt på tallause kreative sjeler rundt om kring i nettverda, noko denne kompilasjonen skulle vera rikeleg prov på:

Etter kort tid inntok fenomenet sjølvsagt dei mest avantgardistiske kunstgalleria, her som ein kollektiv performance med homoerotiske over- og undertoner:

Sidan vart det stille lenge i det alltid fascinerande "related videos"-feltet, inntil denne japanske gitaristen sto fram med sin imponerande lydrette tolking:

Og akkurat som den finske teksten fann vegen til Japan, fann det austoverspringande memet heim til Skandinavia og inn i ein, lat oss seia, litt annan musikalsk samanheng:

For ein Ytrebykven kling det likevel best i originaltapping, frå noko som sterkt minner om ein ukjend folkekomedie, ca. 1952:

13. februar 2009

Løysinga

Det har ikkje gått skribenten hus forbi at ein diskuterer hovudplagg i politiet for tida. Og sidan han er i det sjenerøse hjørnet, tenkte han å presentera løysinga på dilemmaet: Ettersom der ikkje finst noka religion som eksplisitt forbyr folk å gå med hijab, kan ein ganske enkelt påby hovudplagget som ein del av politiuniforma, for alle. Uniforma vert eins, og dei som absolutt må gå med hijab, får lov til det. Dermed skulle både Arne J. og Knut S. vera godt nøgde. For ikkje å snakka om alle dei som synest folk i uniform ser ut som dei prøver å kompensera for noko.

25. januar 2009

Attende

For ei veke sidan, faktisk, men først i dag fekk eg sett skikkeleg på ho. Allereie er dagen tre timar lang, fuglane har byrja kvitra og den kalde, kvite våren er i gang.

19. januar 2009

Alt ein ikkje veit...

Ian Garrick Mason skriv interessant og opplysande om somalisk dikting på Sans Everything. Han siterer mellom anna Margaret Laurence, som likna den somaliske krigshøvdingen og diktaren Sayyīd Muhammad `Abd Allāh al-Hasan (1856-1920) med hellenske klassikarar:
“The sheer force and sweep of it is sometimes reminiscent of Homer,” she wrote, “whose subject was also tribal war and who described it in similar terms of drama, grandeur, and gore.” Her observation makes one wonder for a moment whether, when seen through the eyes of more powerful and more unified Mediterranean states, the feuding cities of pre-classical Greece might have looked something like Somalia does to us today, as a land of raiders, petty vendettas, and (as an aside) skillful oral poetry.
Meir oppsiktsvekkjande, men ikkje mindre gledeleg:
(...) in Somalia women’s poetry is not taken as seriously as men’s, and does not normally get memorized or recited beyond small groups of family or friends. Nonetheless, in 1992 they played a key role in averting a nascent civil war by interposing themselves between two sub-clans in Burao and reciting poems meant to tug at the consciences of their brethren. Within days, a ceasefire was achieved.

12. januar 2009

Alder ingen hindring

I sitt treogtjuande år greide fordundre meg bilen å passera EU-kontrollen utan andre merknader enn ei gåen lyspære. Ein skulle vel ikkje gleda seg over slikt, bilkøyring er ikkje akkurat berekraftig i eit globalt perspektiv, jamvel om CO2-nøytralisering etter den anerkjende syltetøyglas-metoden er innført i skribenthushaldninga. Men eg er glad i gamle ting som framleis kan brukast. Eg er glad i bruktbutikkar og klede som har gått i arv, antikvariat og manuelle kjøkkenreiskap. Eg likar ting som let seg reparera. Eg er altså ikkje berre ein rullande fåre for klimaet, men eit vandrande trugsmål mot verdsøkonomien, som jo berre kan halda seg flytande ved at nyare og skjørare ting uavlateleg vert produsert og teke i bruk - og ut av bruk. Difor har eg stor forståing for at verdas regjeringar ilar til med å hjelpa finansnæringa når dei har kuka det til for seg, medan milliardane neppe sit like laust når eg eller Arktis eller den bengalske tigeren slit. For korkje eg, Arktis eller den bengalske tigeren bidreg i nemneverdig grad til å halda hjula i gong. Tvert om. Heile tida driv me og legg oss framføre desse hjula, som heldigvis er robuste nok til å rulla vidare over folk og landskap, slik dei har gjort sidan hjulet vart oppfunne ein gong i ei svunnen fortid. Det er sant som dei seier, ein treng ikkje finna opp hjulet på nytt. Me treng berre halda dei i gong.

7. januar 2009

Allmogen les - og skriv

At romanar på mobilen var populært i Japan, hadde eg for så vidt lese før, men i The New Yorker fann eg ein ganske interessant og omfattande reportasje om fenomenet som set det i ein slag samanheng. Kort oppsummert: Klassisk trivial- og serielitteratur, produsert online og anonymt, trykt i store opplag og forakta av den litterære offentlegheita. Det interessante, nye, bortsett frå skrivemåten, er samansmeltinga av forfattar- og lesarrollen. Ein populær nettstad for slike romanar har, ifølgje artikkelen, over ein million titlar, dei fleste laga av amatørar og gratis tilgjengeleg. Og det har sjølvsagt òg med skrivemåten å gjera. Her heime har eg inntrykk av at elektronisk litteratur (for å kalla det det) har vore ei sak for avantgarden. Men eg har ei kjensle av at det kjem til å endra seg.

6. januar 2009

Alfabetet er til endes

Sjeldan har eg opplevd større glede over eit dikt enn den gongen Liv Lundberg introduserte meg for Inger Christensens "Alfabet". Vel hadde eg lese det før, men dette verket synest bunnlaust om ein gjev seg i kast med det.
Så når eg høyrer at Inger Christensen er borte, melder først og framst lysta seg til å endå ein gong å drukna seg i ein tekst stor nok til å bada i, dykka djupt og undrast over alt det fargerike, levande som finst der nede. Og om aldri så komplekst, kor enkelt og trøystande opnar det vel ikkje: "Aprikostrærne findes". Alt vondt i verda synest oppvegd ved konstateringa av dette enkle faktum.
"Alfabet" lever ikkje opp til namnet, det ender (med katastrofe) lenge før alfabetet gjer, ute av stand til å følgja opp sin eigen indre logikk, slik menneskelivet alltid ender lenge før det skulle, lenge før det fulle potensialet den enkle byrjinga ber løfte om, er realisert.

Andre kanalar

Her om dagen fekk eg ein SMS frå Mads Gilbert. Ikkje direkte, men via kjentfolk som hadde videresend. Innhaldet i SMSen tør vera velkjent, ettersom fleire riksmedier fekk same meldinga, men det gjorde utvilsamt langt større inntrykk å få situasjonsrapporten frå Gaza oversend så å seia personleg, rett i lomma.
Etter så mange år i Nord-Noreg er det ikkje til å undrast over at eg kjenner nokon som kjenner nokon som kjenner Mads Gilbert godt nok til å stå på kontaktlista hans, og jamvel om han sjølv finn det uhaldbart at det ikkje er internasjonal presse til stades, undrast eg om eg ikkje er vel så komfortabel med å få rapporten frå ei kjelde eg veit såpass mykje om. Gilbert er pro-palestinsk, politisk venstreradikal, jobbar som lege og legg på ingen måte skjul på at han ikkje veit anna om situasjonen enn det han kan sjå på sjukehuset og høyra utanfor medan han utfører den lite misunningsverdige, men di meir beundringsverdige jobben han er der for å gjera. Reportarar flest talar frå ein mykje meir uklår ståstad, som var dei allvitande små gudar som svevde over landet dei rapporterte frå. Ja, det hadde vore bra å ha dei der, men eg kjenner på meg at ingen mengd med vegg-til-vegg-rapportering av konflikten kunne vekt same kjensle av medansvar som denne korte meldinga.
Her vert eg ikkje invitert til å vera interessert, oppdatert men uengasjert tilskodar. Gjer noko. Gjer meir! skriv Gilbert, og eg trur ikkje eg er åleine om å vegra meg for å ta inn over meg kva slag tilhøve som får ein erfaren feltskjerar til å snakka i såpass store bokstavar.
Så kva kan ein gjera? Det er noko handlingslammande ved Israel-Palestina-konflikten, som er så politisk ladd, ikkje berre internasjonalt, men innanriks òg. Det norske, politiske landskapet er på ein eller annan pervers måte blitt forma etter kartet over det heilage landet, og det tek litt mental energi å sjå at der finst noko anna enn for eller mot, at diskusjonen om kven som har rett til å gjera kva, anten ein kallar det sjølvforsvar eller frigjeringskamp, i grunnen er irrelevant for dei fleste av dei som ligg og blør. Ein rettferdig granatsplint gjer ikkje mindre skade enn andre. Den gutungen som vert redda av blodtransfusjonar kan verta ein sjølvmordsbombar eller ein fredsaktivist. Det same kunne han som dei ikkje greide å berga. Men mest sannsynleg prøvde dei berre å leva livet sitt. Finna seg ei jenta å gifta seg med. Ein jobb å trivast med. Noko artig å finna på til helga.
Ein kan alltids stilla seg opp og kasta stein på den israelske ambassaden, ein kan alltids laga songar eller halda appellar. Men det skaffar ikkje anestesi til sjukehusa på Gaza, og fjernar neppe trongen til det, korkje på kort eller lang sikt.
Sjølv pungar eg ut nokre ekstra kroner til raudekrossen/raude halvmåne. Dei kan desse tinga, og bryr seg heller lite om kven som har Gud og rettferda på si side. Eg gjer det korkje av sympati for Israel eller Palestina, sjølv om eg har rikeleg av båe delar. Meir, kan hende, for mitt eige samvits skuld, eit motiv som forstyrrande ofte vert mistenkeleggjort. Som om samvitet ikkje var til å stola på. Som om dårleg samvit var ei dygd større enn alt du kan gjera for å letta det.

1. januar 2009

Alt skal vekk

dagen har vore open
i fleire timar
allereie
står det kundar ved disken
med tilbodsvarer i hendene
eller ting dei vil bytta
når eg spør
etter kvittering
syner dei fram arra
på underarmen
og dei dårlege tenna
lengst bak i overkjeften
det er sal
og kjøp av seksuelle tenester
er forbode frå i dag av
seier ho som veit
kva som skjer i verda
kvar time på timen
og tre minutt over
kjem vermeldinga
ikkje uventa
men overraskande
som døden
uvelkommen
og frigjerande
skal eg pakka det inn
for deg?