6. januar 2009

Andre kanalar

Her om dagen fekk eg ein SMS frå Mads Gilbert. Ikkje direkte, men via kjentfolk som hadde videresend. Innhaldet i SMSen tør vera velkjent, ettersom fleire riksmedier fekk same meldinga, men det gjorde utvilsamt langt større inntrykk å få situasjonsrapporten frå Gaza oversend så å seia personleg, rett i lomma.
Etter så mange år i Nord-Noreg er det ikkje til å undrast over at eg kjenner nokon som kjenner nokon som kjenner Mads Gilbert godt nok til å stå på kontaktlista hans, og jamvel om han sjølv finn det uhaldbart at det ikkje er internasjonal presse til stades, undrast eg om eg ikkje er vel så komfortabel med å få rapporten frå ei kjelde eg veit såpass mykje om. Gilbert er pro-palestinsk, politisk venstreradikal, jobbar som lege og legg på ingen måte skjul på at han ikkje veit anna om situasjonen enn det han kan sjå på sjukehuset og høyra utanfor medan han utfører den lite misunningsverdige, men di meir beundringsverdige jobben han er der for å gjera. Reportarar flest talar frå ein mykje meir uklår ståstad, som var dei allvitande små gudar som svevde over landet dei rapporterte frå. Ja, det hadde vore bra å ha dei der, men eg kjenner på meg at ingen mengd med vegg-til-vegg-rapportering av konflikten kunne vekt same kjensle av medansvar som denne korte meldinga.
Her vert eg ikkje invitert til å vera interessert, oppdatert men uengasjert tilskodar. Gjer noko. Gjer meir! skriv Gilbert, og eg trur ikkje eg er åleine om å vegra meg for å ta inn over meg kva slag tilhøve som får ein erfaren feltskjerar til å snakka i såpass store bokstavar.
Så kva kan ein gjera? Det er noko handlingslammande ved Israel-Palestina-konflikten, som er så politisk ladd, ikkje berre internasjonalt, men innanriks òg. Det norske, politiske landskapet er på ein eller annan pervers måte blitt forma etter kartet over det heilage landet, og det tek litt mental energi å sjå at der finst noko anna enn for eller mot, at diskusjonen om kven som har rett til å gjera kva, anten ein kallar det sjølvforsvar eller frigjeringskamp, i grunnen er irrelevant for dei fleste av dei som ligg og blør. Ein rettferdig granatsplint gjer ikkje mindre skade enn andre. Den gutungen som vert redda av blodtransfusjonar kan verta ein sjølvmordsbombar eller ein fredsaktivist. Det same kunne han som dei ikkje greide å berga. Men mest sannsynleg prøvde dei berre å leva livet sitt. Finna seg ei jenta å gifta seg med. Ein jobb å trivast med. Noko artig å finna på til helga.
Ein kan alltids stilla seg opp og kasta stein på den israelske ambassaden, ein kan alltids laga songar eller halda appellar. Men det skaffar ikkje anestesi til sjukehusa på Gaza, og fjernar neppe trongen til det, korkje på kort eller lang sikt.
Sjølv pungar eg ut nokre ekstra kroner til raudekrossen/raude halvmåne. Dei kan desse tinga, og bryr seg heller lite om kven som har Gud og rettferda på si side. Eg gjer det korkje av sympati for Israel eller Palestina, sjølv om eg har rikeleg av båe delar. Meir, kan hende, for mitt eige samvits skuld, eit motiv som forstyrrande ofte vert mistenkeleggjort. Som om samvitet ikkje var til å stola på. Som om dårleg samvit var ei dygd større enn alt du kan gjera for å letta det.

Ingen kommentarer: