13. februar 2009

Løysinga

Det har ikkje gått skribenten hus forbi at ein diskuterer hovudplagg i politiet for tida. Og sidan han er i det sjenerøse hjørnet, tenkte han å presentera løysinga på dilemmaet: Ettersom der ikkje finst noka religion som eksplisitt forbyr folk å gå med hijab, kan ein ganske enkelt påby hovudplagget som ein del av politiuniforma, for alle. Uniforma vert eins, og dei som absolutt må gå med hijab, får lov til det. Dermed skulle både Arne J. og Knut S. vera godt nøgde. For ikkje å snakka om alle dei som synest folk i uniform ser ut som dei prøver å kompensera for noko.

1 kommentar:

Anonym sa...

Skjønner selvsagt at dette er en fleip, men sånn i tilfelle noen skulle komme i skade for å ta det på alvor:

Problemet er jo at det ikke bare finnes en religion som "påbyr" bestemte påkledning. Og hva gjør vi når det oppstår kollisjoner?

Ender vel opp med at alle norske politifolk må gå i samelue inntullet i turban, med jødekalott under og burka som overtrekk.

Spørs vel om ikke politiets autoritet blir en smule svekket på ett eller annet tidspunkt i denne prosessen...