3. desember 2008

Nok sagt

Eg har veldig lite greie på økonomi. Det var ikkje eit fag eg hadde på skulen, og det vesle eg kan, er stort sett fruktar av lesing av i beste fall populærfaglege artiklar og den naudsynte vaksenopplæring som følgjer av å verta eigar og drivar av eit firma. Eg kan sjå visse samanhengar, som at når verdien på bustadeigedom fell, går renta på lån til å kjøpa slike opp, ettersom risikoen ved å gje slike lån aukar. Og visse paradoks, som at å auka renta, aukar sjansen for at låntakar må kvitta seg med bustaden eller ikkje greier å innfri lånet (eller båe delar), noko som driv prisen lågare og aukar risikoen endå meir. Det kan synest som om heile det økonomiske feltet er styrt av slike nedadgåande eller oppadgåande spiralrørsler der alt har sin eigen årsak som konsekvens.
Men som sagt, eg veit fint lite om økonomi, og det som for meg kan framstå meiningslaust og destruktivt, er kan hende forståeleg for ein som har sett seg djupt inn i materien, slik kaotiske versystem kan verta tildels forutseielege for ein meteorolog med tilgang på enorme mengder data og stor prosessorkraft. Det forrykande finansielle uveret dei siste månadene er kan hende eigna til å så tvil om nett det, ettersom det for dei fleste i ettertid kan synest litt opplagt at det i lengda ikkje ville vera lønsamt å blåsa opp verdiar og rekna framtidig avkastning av inntektsstraumar som var heilt teoretiske (litt forenkla: Om nokon kjøper og sel vidare eit løpande lån, vert det rekna som likeverdig med at eit nytt låneforhold er etablert, og dermed kan dei same pengane i prinsippet lånast ut i det uendelege).
Som sagt, eg har ikkje peiling på økonomi, og har ikkje tenkt å fella dom over desse tinga. Om berre økonomane, særleg tatt i betraktning korleis dei har skjøtta sitt eige felt, kunne gjera det same. Men nei. Økonomar er notoriske fag-imperialistar, som utøver sine teoriar langt utanfor der dei høyrer heime. Det gjer for så vidt andre fagfolk òg, men det får sjeldan så harde og konkrete konsekvensar at ein sosialantropolog meiner noko om bedriftskultur eller ein litteraturvitar noko om krigen i Irak som når ein økonom meiner noko om ein eller annan "marknad" eller"økonomi" (omgrep økonomar likar å nytta om alt som er eit system, anten det faktisk er organisert som ein marknad eller ikkje, til dømes "sjukehusøkonomi", "bokmarknad" og "arbeidsmarknad"), eller aller helst om sjølvaste "økonomien" (som for skribenter innan økonomi gjerne er synonymt med "samfunnet", minus alle menneska i det).
Dette handlar ikkje om at ein ikkje skal uttala seg om ting ein ikkje har greie på. Det må økonomane gjerne få halda fram med, slik eg gjerne uttalar meg om økonomi viss eg får sjansen. Men det må då gå an å la vera å høyra på folk som heilt tydeleg ikkje har snøring (meg sjølv inkludert)? Her eit framlegg til avtale (hallo, alle økonomar som er faste lesarar av denne bloggen): Om de sluttar å drukna oss i handelsmetaforar for alt me føretek oss, så skal eg prøva å overtyda meg sjølv at å kjøpa fleire dyre ting eg ikkje har råd til kjem til å gjera jobben min tryggare og framtida betre. Ønsk meg lukke til.

Ingen kommentarer: